For arbeidsgivarar

Her finn du oversikt over ungdom som har meldt interesse for sommarjobb i Ryfylke. Om du finn nokon spennande kandidatar, kan du sende oss ein e-post med kandidatnummeret og me vil vidareformidle interessa.

Har du ein sommarjobb du vil lysa ut?

Slik gjer du det:

  1. Legg ut sommarjobbutlysinga på arbeidsplassen.nav.no – det er heilt gratis.
  2. Bruk nøkkelordet “sommarjobb” eller “sommerjobb” i teksten
  3. Voilà! Då dukkar ho opp på sommarjobben.no

Me hjelper deg med å marknadsføre sommarjobben i våre kanalar.

Bakgrunnen for prosjektet

Ryfylke er ein region i utvikling, med et rikt arbeidsliv og stor verdiskaping. Samtidig blir årskulla lågare dei komande åra og mange skal gå av med pensjon, noko som bidreg til ein aukande mangel på arbeidskraft. For å møta denne utfordringa er me avhengige av å motivere dei som veks opp i Ryfylke til å bli ein del av arbeidslivet og samfunnsbygginga. Investerer me i ungdommen no, er det større sjanse for å få dei tilbake seinare!

Sommarjobb gir tilhøyrsel

Ved å gi ungdom sjansen til å få arbeidserfaring frå eigen region, hjelper du dei med å sjå dei spennande arbeidsmoglegheiter som finst i Ryfylke. Gjennom ein sommarjobb kan ungdomen bygga sterke relasjonar til eigen region, og arbeidsgivarar får bygga relasjonar med yngre generasjonar som kan bli framtidige arbeidstakarar. Noko som kan påverke Ryfylke som ein attraktiv plass å bu.

Ein sommarjobb i Ryfylke kan inspirere ungdom til å velgje ei utdanning som trengs i regionen og føre til at fleire vel karrierevegar i Ryfylke. Me må tenke langsiktig rekruttering av framtidig arbeidskraft.

“Eg kjem heim dersom eg får ein jobb”

Stockbilder_Ingen kred