Sommarjobb i Ryfylke

Kunne du tenkt deg arbeidserfaring og spennande utfordringar frå eigen region? Då kan du melde di interesse for sommarjobb i Ryfylke for 2024.

Stockbilder_Ingen kred

Er du på jakt etter sommarjobb?

Jobbane blir fortløpande publiserte av dei ulike arbeidsgivarane,
så hugs å sjekk inn med jamne mellomrom for å sjå om draumejobben din har dukka opp.

Ledige jobbar delast også på Facebook og Instagram. Følg oss for å få med deg dei siste jobbane.

Kvifor velje sommarjobb i Ryfylke?

Lærerik arbeidserfaring

Få verdifull arbeidserfaring som kan bli nyttig for deg både i framtidige jobbar eller studiar, samtidig som du tener dine eigne pengar. Ein sommarjobb opnar døra til å lære om arbeidslivet i Ryfylke, gir deg praktisk erfaring og er ein arena for personleg vekst. Erfaringa du får vil styrkja deg vidare i arbeidslivet.

Bygg nye relasjonar

Bli kjent med nye menneske og utvid nettverket ditt i Ryfylke. Desse kontaktane kan vera avgjerande når du seinare leiter etter fast arbeid eller ønskjer å utforske  karrieremoglegheiter. Kven veit, kanskje møter du din framtidige kollega eller arbeidsgivar sommaren 2024?

Utforsk dine interesser

La deg inspirere eller nytt sjansen til å oppdage nye interesseområde. Ryfylke er ein region med eit variert arbeidsliv og fleire spennande nyetableringar. Her finst det mange karrieremoglegheiter innan blant anna havbruk, energi, teknologi, industri, reiseliv og helse. Prøv deg fram i ulike bransjar. Dette kan hjelpe deg med å ta meir informerte val seinare i karrieren din.

Sommarjobb til studentar

Sommaren er ei flott tid til å få verdifull arbeidserfaring frå heimplassen din.
Enten du vil  jobba med noko innanfor det du studerer eller berre lære noko nytt
– ein sommarjobb opnar døra til arbeidslivet og gir deg i tillegg inntekt.

Arbeidsgivarar i Ryfylke er på jakt etter motiverte studentar for sommaren.
Registrer deg som interessert i sommarjobb slik at arbeidsgivarane i Ryfylke kan sjå profilen din.