Harald Haualand

SOMMARJOBB I RYFYLKE

Å vera turistvert på Preikestolen er heilt topp!

Harald Haualand er 25 år gamal og studerer bachelor i Energi- og petroleumsteknologi i Stavanger. Kvar sommar dei siste 7,5 åra har han hatt sommarjobb som turistvert på Preikestolen.

– Det er ein veldig kjekk jobb som eg har stortrivst i heilt sidan starten. Eg jobber i feriar og eit par helger i månaden når eg er heime på Jørpeland – det er heilt topp! seier Harald entusiastisk.

Før han fekk jobben hadde han høyrt mykje positivt om det unge arbeidsmiljøet blant turistvertane på Preikestolen.

– Eg kjende nokre av dei som jobba der frå før, og eg hadde høyrt om kor triveleg dei hadde det, fortel Harald. No er me ein fast gjeng i alderen 17-25 år som kjem att kvart år, og me har det utruleg kjekt saman på jobb. Det å kunne vera ute i frisk luft kvar dag, samstundes som me møter mange hyggelege folk, gjer arbeidsdagane veldig kjekke.

Harald Haualand med kollega Stine Lerang

Hovudansvaret til ein turistvert er å leggja til rette for at alle dei besøkande får ei best  mogleg oppleving.

– Me sørgjer for at det er ein god flyt i biltrafikken opp mot Preikestolområdet, me hjelper folk med ting dei lurer på og ulike behov dei måtte ha. Det er me som held servicebygga reine, plukkar søppel på parkeringsområdet og langs stiane – me sørgjer for at det er fint og ryddig for turistane. I tillegg gir me tips og råd for å sørgje for at dei som kjem er godt nok førebudd for turen med rett utstyr og mat og drikke, om me ser det er behov for det.

Harald fortel at det beste med å vera turistvert er det fantastiske arbeidsmiljøet mellom dei unge turistvertane og møta med turistane.

– Me har det veldig kjekt saman der oppe! Og det er utruleg givande å sjå alle turistane som kjem med store forventingar om turen, og når dei kjem tilbake igjen – glade og fornøgde, seier Harald.

Harald planlegg å flytta heim til Jørpeland når han er ferdig å studera.