Emil Moorgas på jobb i ambulansetenesta.

SOMMARJOBB I RYFYLKE

Emil vil jobba i ambulansen

Emil Moorgas (24) studerer bachelor i paramedisin i Gjøvik og har har hatt sommarjobb som heimesjukepleiar på Jørpeland.

Kva studerer du?

– No studerer eg bachelor i paramedisin. Eg har alltid visst at eg ville jobba innan helse. Mor mi har arbeidd i ambulansetenesta, så eg har alltid vore interessert i ambulansefaget. Studiet er berre tilgjengeleg på fire plassar i Norge og har høgt snitt, så eg var heldig som kom inn på Gjøvik.

Kva kan du jobba med etter utdanninga?

– Når eg er ferdig utdanna, kan eg jobba med akuttmedisin i ambulansetenesta, akuttmottak, legevakt eller traumeavdeling – alt innan akuttmedisin. Eller eg kan gå vidare innan forsking.

Kva slags sommarjobb har du frå Ryfylke?

– Eg har hatt sommarjobb både på rehabiliteringsavdeling og som heimesjukepleiar på Jørpeland. Som heimesjukepleiar reiste eg rundt i kommunen og behandla folk heime. Det er veldig fint å hjelpe folk der dei bur.

– Sommarjobben har vore veldig nyttig og relevant for deltidsjobben min no i ambulansetenesta på Gjøvik. Spesielt det å besøke folk heime og få god kontakt med brukarane.

Korleis var det å jobba som heimesjukepleiar?

– I heimesjukepleia jobba det utruleg kjekke folk! Me var fleire som hadde sommarjobb der, så me var mange i same situasjon. Det er eit ganske ungt miljø om sommaren – me var ein gjeng mellom 17 og 24 år. Me fekk ei liste med folk me besøke så det vart mykje køyring. Dei ungdommane som var under 18 år, sykla eller gjekk til brukerane.

Kva lærte du?

– Å jobbe som heimesjukepleiar har vore veldig lærerikt! Eg fekk stor tillit og mykje ansvar. Eg nytta kunnskapane mine frå studiet, noko som var veldig kjekt. Det styrkjer sjølvtilliten når eg kan bruke det som eg lærer på studiet i praksis.

Kva likte du best med sommarjobben?

– Det er viktig at brukarane får medisinar og blir ivaretatt, og ikkje minst at dei blir sett i løpet av en dag. Mange eldre som treng hjelp kan vera veldig einsame og dei set stor pris på at me kjem innom for å sjå korleis det går med dei, ta ein liten prat og gje dei tryggleik.

– Det som eg likte veldig godt var at eg besøkte dei same folka om igjen, slik at eg fekk eit forhold til brukarane. Eg fekk nesten eit vennskap til dei som eg besøkte – ofte vart eg sittande 10 minuttar lenger berre for å snakke litt, for det var så god stemning. Det er det eg hugsar best.

Skal du flytte heim?

– Eg er usikker på om eg skal flytte heim. Om eg får relevant sommarjobb og trivst i den, så kan det hende eg kjem heim, men dei vil gjerna tilsette meg her på Gjøvik også, så eg må sjå. Om eg får ein sommarjobb i Ryfylke, vil eg jo automatisk ha ein fot innanfor i regionen og då er det lettare å flytte heim når eg er ferdig med studiane.