Anne Bratthammer (t.v) og Joel Nag (t.h) frå ungdomsutvalet, saman med ordførar i Hjelmeland og nestleiar i Ryfylkerådet, Anita Riskedal. Her under Karrieredagen i Stavanger 3. januar 2024.
Ungdomsprosjekt får midlar frå Sparebanken Vest
Under Karrieredagen i Stavanger 3. januar 2024 lanserte dei unge sjølv første skritt i satsinga: sommarjobben.no.
Representantar frå ungdomsutvalet i Ryfylke, Sondre Hebnes frå Suldal og Anne Bratthammer frå Strand, møtte sjølv opp i Sparebanken og argumenterte for prosjektet sitt – og blei altså høyrt.
No skal det jobbast vidare med å etablere ein alumni for å byggje bru mellom framtidige arbeidstakarar og potensielle arbeidsgjevarar, og for å skape grunnlag for gode nettverk mellom desse. Ein slik alumni har som føremål å halde kontakten med unge ryfylkingar som er ferdig med ungdomsskule/vgs og får seg utdanning og arbeidspraksis.
– Målet er at denne arenaen skal halda unge oppdatert på kva som skjer i Ryfylke og kva dei unge tek seg til heime og ute.
Dette seier Anne Bratthammer, medlem av ungdomsutvalet.
Målet med arrangementet er mellom anna å presentera fleire sommarjobbar og traneestillingar for unge ryfylkingar, men det blir også mat, drikke, god musikk og kulturinnslag. Arrangementet skal etter planen gjennomførast innan påske 2024.
Ordførar i Hjelmeland og nestleiar i Ryfylkerådet, Anita Riskedal er glad for løyvinga.
– Banken viser veg og det forpliktar til å fokusera på unge si rolle i utvikla regionen vår, seier Riskedal.
Tusen takk til Sparebanken Vest Agenda Vestland som er med å styrkja denne viktige satsinga i Ryfylke!