Sondre Hebnes og Arin Eirikssønn.

Sondre Hebnes (t.v) saman med Arin Eirikssønn som også er medlem i ungdomsutvalet som Ryfylkerådet satt saman i 2022.

Veit ikkje nok om arbeidslivet i Ryfylke

Sondre Hebnes (20) frå Suldal utfordrar arbeidslivet til å fortelja meir om kva behova deira er for kompetanse. Det kan gjera at utdanninga dei unge tar blir meir relevant for dei behov arbeidslivet i Ryfylke har.

Sondre går siste året på vidaregåande skule med fordjuping i realfag. Neste haust startar han på ei dataingeniørutdanning med fokus på å trygge IT-løysingar for bedrifter og gjera systema meir brukarvenlege.

På spørsmål om kor han kan få arbeid i Ryfylke med ei slik utdanning, peikar han på kommunen. Han veit at det er bedrifter i Ryfylke som óg treng slik kompetanse, men fortel at han kjenner alt for lite til kva arbeidslivet sine behov er.

Eg reknar med at Norsk Stein treng slik kompetanse som utdanning mi gjer, men arbeidslivet i Ryfylke er langt større og mangfaldig enn dette, seier Suldølen.

Eksponere unge for arbeidslivet tidleg

Sondre Hebnes har vore med i ungdomsutvalet Ryfylkerådet sette ned i 2022, og har her peika på kor viktig det er å eksponera unge for bedrifter i Ryfylke og den store variasjonen av kompetanse desse treng.

– Jo, tidlegare me få vita om kva arbeidslivet treng av kompetanse,  jo letterare blir det og å rekruttera oss tidleg til viktige arbeidsoppgåver i region vår.

Sondre Hebnes under MOR-konferansen 2023

Han peikar på initiativet ungdomsutvalet har tatt, med å etablera ein portal der unge får kunnskap om og innsikt i det arbeidslivet regionen har. Sommarjobben.no er første skritt på denne vegen.

Meir informasjon til studentane

At me som er i studiesituasjon kan få informasjon om arbeid som er relevant for utdanninga me tar er viktig og gjer utdanninga relevant både for studenten sjølv og det arbeidslivet me skal tene seinare, seier Hebnes.

Det er ikkje nok for arbeidslivet å leggja sommarjobbane sine ut på eigne nettsider, dei må «fortast» bli samla i regionen – slik sommarjobben.no har mål om. Ein portal som eksponerer arbeidslivet for dei unge i sosiale nettverk.

– Ein møteplass for alle oss unge, studentar og dei som er ute å søkjer seg arbeidserfaring borte frå Ryfylke. På den måten få me innsikt og mange kan få lyst til å satsa på et spennande og variert arbeidsliv.

Ryfylke bør stå samla

Når Hebnes blei med i ungdomsutvalet visste han lite om Ryfylke sitt arbeidsliv og han er viss på at han ikkje var aleine om det. Å bli «mata» med informasjon frå arbeidslivet om dei kompetansebehov dei har bør vera jobb nr. 1 i rekrutteringsarbeidet, og ein bør gjere det samla i regionen.

– Blir me eksponert og sett når me vil ha praksis blir det óg lettare for oss som er frå Ryfylke å slå oss ned her når arbeidskvardagen tar til, seier Sondre som langt frå avviser at bustadadressa blir Ryfylke når studia er slutt.